Tilskudd til mentor- og traineeordninger for innvandrere 2022 har fått søknadsfrist 1.oktober

Info fra hoppid.no - Møre og Romsdal Fylkeskommune:

Formålet med ordninga er å bidra til inkludering av innvandrarar med fagutdanning, eller med høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Tilskotet skal legge til rette for at innvandrarar får brukt si kompetanse på rett plass i arbeidslivet gjennom å skape sitt ege arbeid. Dette skal styrke mangfaldet og bidra til fleire og betre nyetableringar.  

Kva kan det søkast om støtte til?

  • Utvikle og forbetre eksisterande program og virkemiddel for at innvandrarar kan skape sitt eige arbeid.
  • Prosjekt der mentor- og trainee-ordningar blir brukt for å kople innvandrarar med gründerambisjonar til etablert næringsliv.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 500 000 kroner til ordninga i 2022. Prosjektperioden kan gå fra 1.10 til 31.12.2023.

Kven kan søke?

  • Kommunar, hoppid.no-kontor, næringshagar, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar.
  • Prosjekt i samarbeid mellom fleire aktørar blir prioritert.

Meir om ordninga finn du her.

 

Samarbeid


Alle som vurderer å søke på ordninga anmodar vi om å kople på både kommunen og lokalt hoppid.no kontor. Innvandarar som deltek på introprogram skal ha tilbod om eit arbeids- og utdanningsretta tilbod, som kan være eit element innan entreprenørskap. Vi oppmodar kommunane som har ansvar for introprogrammet i samarbeid med lokalt hoppid.no kontor og sjå om og korleis dei kan tilby entreprenørskapselementet for innvandrarar med gründerambisjonar. Det er ein fordel at det er etablert eit samarbeid om å utvikle/tilby entreprenørskapselementet i kommunen om ein vil søke midlar på mentor og trainee-ordning.

  • Sjå omtale av innhald i fagmodul introprogrammet her.
  • Sjå omtale av fagmodul entreprenørskapselemente her.

 

Intensivt kurs for innvandrere som vil skape bedrifter gjennomføres i Ålesund 23-25.september 2022


Startup Migrants er ein aktør som arrangerer forskole for migrantar rundt om i Europa. Nå vil dei, saman med hoppid.no, Møre og Romsdal fylkeskommune og ÅKP å arrangere dette i Ålesund som ei 3 dagers samling i ÅKP sine lokale på NMK i Borgundvegen 340 i Ålesund. Arrangementet går 23., 24. og 25. september. Fylkeskommunen finansierer tiltaket.
Startup Migrants arbeider under målsettinga «everyone in Europe should have an equal opportunity to start a business». Dette tilbodet er for innvandrarar som har ein forretningsidé eller eit ønske om å starte verksemd i Norge og som trenger kunnskap om korleis dette kan realiserast. Gjennom kurset får deltakarane informasjon om ulike tema og kva vilkår som gjeld for etablering av verksemd i Noreg. Kurset og forelesingane skjer på engelsk.

Lenke til påmelding her.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×